Komande søndag inviterer Galleri Ryvarden til sesongopning med utstillinga Kunsthandverk i fiskeskinn.

Då er det kunstnarar frå Fitjar som stiller ut, og me skjønar fort at det gjeld produkta til Bjørg Strømme. Me har jo sett Bjørg sine kunsthandverk i fiskeskinn på Husflidsmessa i Fitjartun i november. På Ryvarden vert det utstilling av vesker, belte, brosjer m.m. Bjørg fortel til Fitjarposten at ho også har med seg akvarellar med collage av foto og fiskeskinn.

Maren Sofie Strømme, dotter til Bjørg og Karvel, deltek og på utstillinga med måleri i acryl og fiskeskinn, eigentleg kalla collage.

Ordførar Harald Rydland skal stå for den offisielle opninga.

Me konkluderer med at det er mange grunnar til å planleggje ein tur til Ryvarden komande søndag. Sjølve plassen, med utsikt mot verharde Sletta og Bømlafjorden, er og verd eit besøk. Der ute står minnestein over dei som omkom i Sleipner-forliset.