Arkivfoto: Fitjarposten

Flott musikk, julemesse eller handball? Kven kan påstå at det ikkje skjer noko på Fitjar?

Tjuvstart helga på i dag, og ta turen til Kolerakyrkjegarden på Vestbøstad. Les meir her.

Seinare vert det lansering av årets «Fitjarminne». Fitjar sogelag inviterer til Fitjar seniorsenter kl.18.00. Her vert det presentasjon av årets bok, kaffi og noko å bita i.

Den sportsinteresserte kan ta turen på handballkamp. Fitjar sitt damelag møter Stord2 i idrettshallen kl. 20.00. Damene våre står med 1 poeng etter 5 kampar, og kan trenga litt støtte frå tribunen.

Brass og dataparty

Fredag kan ein koma å høyra flott brassmusikk i kultursalen. Fitjar skulekorps opnar opp øvinga si og tek oss gjennom programmet sitt, som dei tek med seg til Fanafestivalen i helga. Kl. 18.15 om du ikkje vil gå glipp av denne konserten.

Fredag går ogso startskotet for Fitjar-LAN. Ungdomsrådet står klare for å ta i mot speleglade ungdomar i idrettshallen. Les meir om Fitjar-LAN her.

Kaffikos og jazz

På laurdag vert det ny bygdakafé på Kaffistova. Denne gongen er det Norsk Forbund for utviklingshemma Stord/Fitjar som arrangerer frå kl.10.30.

På kvelden vert det jazz på PS Bryggekafé. Wenche Brun Lien Band kjem og fyller haustkvelden med lune låtar frå kl.19.00.

- Annonse -

Laurdag og søndag er det klart for Fitjar husflidslag si årlege julemesse. Ope frå kl. 10.00 til 16.00 på laurdag, og 13.00 til 17.00  på søndag.

Drøs og musikk

Søndagskaffien kan du ta i kultursalen. Fitjar kammerkor inviterer på korkafé, og ein får vakker song, kaka og kaffi med på inngangsbilletten. Dei får med seg Silje Rydland og andre musikalske vener, og lovar rikeleg tid til drøs innimellom dei musikalske innslaga.