Kommunestyremøte i desember. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland melder til politikarane i kommunestyret at alle politiske møter er utsett inntil vidare.

– Me har no fått melding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei har fastsett ei mellombels forskrift som gjer det enklare å ha telefonmøter og å gjera hastevedtak, melder Rydland.

Denne veka skulle det vera møte i utval for plan og miljø, samt formannskapsmøte.

– Så langt utvalsleiaren, eg og rådmannen kan sjå, er det ikkje saker i plan- og miljø som treng hastebehandling. Av sakene i formannskapet er det ei sak som får økonomiske konsekvensar dersom me ikkje får behandla den raskt. Den satsar me på å få avgjort i telefonmøte. 

Rydland melder at kriseleiinga har hektiske dagar, og har no møte kvar dag, for å kunna setja i verk fleire tiltak om det vert behov.

– No håpar me at alle tiltaka som er sett i verk er med og avgrensar smittespreiinga, slik at me får bukt med pandemien snarast råd. Det ser ut for at innbyggjarane i Fitjar tek dette på alvor og vert med i dugnaden som skal til for å spara liv og avgrensa konsekvensane for viktige samfunnsfunksjonar, avsluttar Rydland.