Her frå ein tidlegare middag. Foto: Fitjar frivilligsentral

Fitjar Frivilligsentral vel å venta med å arrangera måltidsfelleskap att. – 10 personar er for få.

I går opna Fitjar kommune opp att for at Fitjar frivilligsentral kunne arrangera måltidsfelleskap ved Fitjar seniorsenter att. Dette er eit tilbod der eldre kan eta middag saman på onsdagar. Ein hake var det likevel; ein kunne berre servera 10 personar.

Etter grundige vurderingar har frivilligsentralen komen fram til at dei heller vil vente med å starta opp att til tilbodet til fleire enn 10 personar kan serverast.

Leiar i frivilligsentralen, Ellinor Austad Bergesen seier seg lei for dette, men kjem tilbake med forhåpentlegvis betre nyheter om dette i løpet av dei neste to vekene.

– Dette er eit viktig tilbod til folk som sit mykje med middagen åleine, so me håpar at tilbodet kan vera tilbake til normalen i feburar. 

Bergesen avsluttar med å oppmoda dei eldre til å vera forsiktig på glattisen.