DET VERT IKKJE «POP-OPP» BRUKTMARKED LAURDAG 7.11.

– Det er med tungt hjarta at me nok ein gong må utsetja opninga av «POP-OPP»-marknaden, melder Fitjar skulekorps.

Marknaden som skulle fungera som eit alternativ til den faste loppemarknaden deira var meint til å opna i helga, men no ventar dei til slutten av månaden.

– Då me er inne i ein høgst ustabil smittesituasjon ser me oss nøydde til å venta med opning av bruktmarkedet til 29.11.

– Fortvil ikkje! Godbitane står seg, og me jobbar på for å få alt klart til at du tek turen inn i vårt skattkammer, avsluttar korpset.