Lesarbrev: Atter ein gong har det kome forslag frå rådmannen om å flytta 7.klassingane frå Øvrebygda skule til Rimbareid skule, og leggja ned SFO ved Øvrebygda skule.
Av: FAU ved Øvrebygda skule
Det er for dårleg økonomi i kommunen, og på ny er det til Øvrebygda rådmann og politikarar vender blikket. Dette er ikkje noko nytt. Det har nesten vorte ein årleg tradisjon å måtta kjempa for å behalda tilboda ved skulen vår. Er det eigentleg greitt at elevar, lærarar og foreldre – ja, ei heil bygd skal måtte leva med denne usikkerheita år ut og år inn?
Att og fram
La oss først ta for oss forslaget om flytting av 7.klassingane. Denne gongen gjeld forslaget ei permanent løysing; 7.klasse ved Øvrebygda skule skal flyttast til Rimbareid skule på fast basis. Dersom dette forslaget får gjennomslag, vert den allereie vedtekne skulebruksplanen broten. Ein skulebruksplan som sikra at Øvrebygda skule skulle få vera ein 1-7 skule i heile perioden. Dette var ei veldig viktig sak tilbake i kommunevalet i fjor, som partia nærmast gjekk til val på. Kjem dei allereie no til å bryta valløfta sine?
Skuleåret 2019/2020 var Øvrebygda skule utan 7.klasse, då dei vart flytta til Rimbareid skule. Ein kan stilla seg spørsmålet; Var dette eitt naudsynt vedtak tilbake i desember 2018? Eller var det ein del av eitt politisk spel der vedtaket om flytting av 7.klassingane vart trumfa gjennom av dei sterkaste partia, etter at nedlegging av heile skulen vart nedstemt? Den lar me henga litt i lufta. I ettertid viste det seg jo at kommunen kom ein god del betre ut økonomisk enn det som i budsjettet var førespegla. Som eitt resultat av det, er Øvrebygda skule igjen fulltalig skuleåret 2020/2021. Kva lærer ein av dette? Jo, eitt budsjett, og eitt budsjettforslag, er ikkje noko anna enn synsing om korleis økonomien kjem til å verta. Ei synsing som sjeldan viser seg å stemmer med realiteten. Ei synsing som vert farga av kva rådmannen vektlegg som viktig. Det kan slå ut ganske annleis enn slik det vert budsjettert.
Koronamidlar
Sidan rådmannen la fram sitt budsjett for 2021 har ting endra seg. Fitjar kommune har motteke 2,6 millionar i koronamidlar. Desse pengane bør verkeleg koma skulane i kommunen til gode. Me er midt opp i ein pandemi no, der kvardagen er snudd på hovudet for barn og unge. Regjeringa har uttrykkjeleg sagt at dette ikkje er tida for å gjera kutt i skulen. Det er essensielt å ta vare på og trygga elevane i denne tida.
I opplæringslova paragraf 9A står det at «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring» Det å skifta skulemiljø, er å ta eitt stort steg utanfor det som er trygt og godt. Det å måtte starta på nytt sosialt i 7.klasse, og så mest sannsynleg måtte gjera det same skuleåret etter, kan vera ei stor belastning for einkvar. Dette er ei viktig tid for elevane, midt mellom barn og ungdom, og det er så avgjerande at dei har trygge ramer rundt seg når dei skal gjera seg klare for overgangen til ungdomsskulen. Dei skal sleppa å bruka mykje energi på å finna sin plass på nytt, eller ikkje finna seg til rette, i ein ny klasse. Når det samstundes kun er småsummar å henta på å flytta elevane, så må ein bruka sunn fornuft her.
Kva er ein skule utan SFO?
Så er det forslaget om å legga ned SFO ved skulen. For kva er vel ein skule utan SFO? Det er ein del av eitt heilskapeleg tilbod ved ein skule, og avgjerande for mange foreldre at det tilbodet finst. Om dette er eitt tilbod som forsvinn, vert det mindre attraktivt for folk å busetja seg i kommunen,noko som igjen fører til mindre skatteinntekter. Skal elevane gå på SFO ved ein annan skule enn den dei går på? Saman med ungar dei ikkje kjenner og har ein felles skulekvardag med? Foreldra køyra att og fram lange avstandar, og elevane skyssast med buss eller taxi mellom skulane? Nei det er ikkje å følgja paragraf 9A.
Øvrebygda skule har eitt unikt samspel mellom elevar på alle klassetrinn, som berre er mogleg på mindre 1-7 skular. Dei har lærarar som har omsorg for, og ser, kvar og ein av elevane sine, som er mykje enklare å få til med mindre klassar. Skulen knyter heile bygda saman på ein måte som ein stor skule ikkje gjer. Det å fjerna 7.klasse frå skulen, svekkar skulen, og er eitt steg i retning av nedlegging av skulane i krinsane. Me vil ha ungane våre i trygge og kjende omgjevnadar i nærmiljøet heilt til dei byrjar i ungdomsskulen.
Me ynskjer å få freda skulen vår frå usikkerheita som heile tida rår i bakgrunnen. Me ynskjer at politikarane må få augene opp for den enorme verdien det er for innbyggjarane i kommunen