10.klassane er på veg til Krakow med «Aktiv Fredsreiser». Dei kjem til å senda daglege rapportar om turen. Denne gongen er det Ann-Sofie Drønen som skriv.

Den andre dagen var det det mykje reising. Me var innstilte på det. Det vart ikkje så lange etappar. Me stoppa omtrent kvar andre time. Stemninga i bussane har vore svært god!

Då me kom til den polske grensa, vart det gitt klar melding om at me måtte sitja fint og ikkje gjera noko som kunne irritera eller provosera grensevaktene. Me burde ikkje ta foto, for dette kunne lett føra til at dei vart irriterte og ville sjekka all bagasjen me hadde med. Slikt kan gjerne ta fleire timar.

Det vart litt stressa stemning då me såg at det blitza i fotoapparat og mange tok bilete i den eine bussen. Dei for og ut og vandra rundt. Heldigvis var det ingen vakter som kom, og me slapp fint igjennom! Det viste seg at den eine bussen ikkje haddefått den beskjeden!

Me kom seint fram til hotellet, slik at det einaste me gjorde her var å eta middag og så gjekk me alle og la oss. Så langt har elevane oppført seg svært bra. Det er utrulig god stemning, og me kosar oss svært godt samane

Helsar alle der heime!

På ein polsk vegstopp, med nissar og anna rart. Foto: Anne Margrethe Leirvik
På ein polsk vegstopp, med nissar og anna rart. Foto: Anne Margrethe Leirvik