-Utlånet har auka kraftig sidan biblioteket kom bort i Kultur- og Idrettsbygget. Både heilt unge og eldre er mellom dei som finn vegen mellom reolane og plukkar med seg noko dei kan hyggja seg med i sofakroken, eller godstolen, heime. Bibliotekar Elin Siglen kan fortelja at sjølv om biblioteket var lukka mange veker i fjor, har talet på utlånte medier auka frå 9000 til 11000. -Hovudsakeleg er det born som lånar meir, men det er òg ei liten auke i utlånet av skjønnlitteratur til vaksne, seier ho. steroiden