A-laget til Fitjar fekk sin første siger i årets 4. divisjon då dei feia botnlaget Hovding av banen med 7-0.

Denne gongen var det ingen tvil om kven som var det beste laget, men fitjargutane brukte nesten ein heil omgang på å setja gjestene på plass. Det første målet var kanskje dagens finaste, og kom rundt 10 minutt før pause. Henrik Raunholm Kjelling fekk ballen frå lagkaptein Øyvind Fykse Lie, som klarerte eit Hovding-angrep med hovudet. Henrik tok ballen med seg og skaut frå 18 meters hald, først i den eine stolpen, så i den andre, og så i mål!

Eit par minutt før pause var Hovding nær ved å utlikna, men Nils Ingard Tislevoll redda på streken. Fitjar gjekk rett i angrep, og Thomas V. Waage kunne gi Fitjar 2-0. Ei litt heldig avslutning på første omgang, men like fullt ei heilt fortent leiing til pause.

Etter kvilda heldt gjestene frå Bergen brukbart følgje i eit kvarter, sjølv om Fitjar-gutane reiv til seg eit overtak etter kvart. Og siste halvtimen var det berre eitt lag på banen. Hovding fekk utvist ein spelar etter gult kort nummer to til backen Erik-André Grønner. Og på slutten såg det ut som om halve laget hadde blitt utvist.

Fitjar-spelarane fekk etter kvart mykje rom å boltra seg i, og i løpet av den siste halvtimen fekk me sjå fem flotte mål av Kjell André Thorland, Thomas V. Waage (2), Helge Træet og Henrik Raunholm Kjelling. Dermed blei det heile 7-0 mot eit Hovding-lag som etter kvart gjekk i oppløysing.

Tomålsscorar Henrik Raunholm Kjelling blei fullt fortent utropt til dagens Fitjar-spelar, og kan gle seg til ein komlemiddag på Fitjar Fjordhotell. Dette vil neppe gå ut over formen til Henrik, som i dag fekk vist at han er godt trent og trilla ball i hatt med dei arme Hovding-spelarane. Elles viste Fitjar-gutane i dag jamt god innsats, og fekk løn som fortent.

No må det seiast at Hovding ikkje var nokon målestokk. – Eit lag som høyrer heime på nedre halvdel av 5. divisjon, mente Fitjar-trenar Kjell Træet. Men både han og hjelpetrenar Leif «Dikki» Steensohn var godt fornøgde med gutane sine i dag. Det var markert framgang frå kampen mot Fyllingsdalen 3, då dei tapte 0-1. – Hadde me spelt like godt i Bergen som me gjorde i dag, hadde me vunne klart også den kampen, seier ein fornøgd «Dikki» til Fitjarposten.

Kanske det mest positive i dag var at spelarane heldt oppe trykket heilt til siste fløytesignal, sjølv om dei visste at kampen for lengst var vunnen. Og så gir det grunn til optimisme at Thomas V. Waage ser ut til å ha festa blikket mot mål.

Etter dagens kamp har Fitjar tre lag bak seg på tabellen i 4. divisjon. No ventar to tøffe kampar, borte mot Trio førstkomande onsdag og heime mot topplaget Sandviken neste laurdag. Fylg med!