Rundt klokka 10 i føremiddag køyrde ein bil av vegen i 60-sona på Tveita.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 10 i føremiddag. Det skal berre ha vore ein bil involvert i uhellet, som skjedde i 60-sona på Tveita.

Føraren var ein ungdom på 19 år, skriv politiet på Twitter.

Mannen kom seg ut av bilen på eiga hand, og fekk ingen alvorlege skader, opplyser Dag Vidar Nordhus i politiet til Fitjarposten.

Uhellet førte til at vegen blei delvis sperra, men bilbergar kom frå Bømlo klokka 11, og Nordhus reknar med at vegen snart er open for fri ferdsel.

- Annonse -