Politiet fekk kl 10.50 i dag melding om ei utforkøyring på E39 ved Levåg i Fitjar. Bilføraren, ei 77 år gamal kvinne, vart brakt til legevakta med smerter i ein arm.

– Kvinna opplyste å ha kome utfor asfaltkanten og hamna i grøfta, fortel operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.