Eit køyretøy med to vaksne og to barn i bilen køyrde i dag tidleg utfor vegen ved Årskog, fortel politiloggen for Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka kl. 07.56. Ei dame hadde smerter i nakken og måtte ha hjelp til å komme seg ut. Ho vart transportert til sjukehus. Dei andre såg ut til å vera uskadde.