NAV gler seg over stadig fall i arbeidsløysa, men er uroa over stadig vanskelegare tilgang på kompetanse i regionen.

– I Sunnhordland er det mangel på ledige fagarbeidarar og personar med høgare utdanning. Dette er også ei utfordring på nasjonalt nivå. Med trendar som lågare arbeidsinnvandring og fleire eldre, er det viktig at me får fleire i arbeid.

Det seier regiondirektør for NAV Sunnhordland, Astrid Østerlid.

I den månadlege rapporten over arbeidsløysa i regionen, kjem det fram at den positive trenden held fram. I september var den samla arbeidsløysa i Sunnhordland på berre 1,9 prosent av arbeidsstyrken. Ein nedgang på 50 personar i høve september i fjor.

Østerlid i NAV vil sjølvsagt ikkje seie at talet er for lågt, men understreker at bedriftene i regionen no er i ein vanskeleg situasjon når dei skal rekruttere.

– Bedriftene har framleis behov for arbeidskraft, men det er krevjande å finna personar med rett kompetanse. Dette kan føra til at det vert stor konkurranse om den same arbeidskrafta utan at arbeidsstyrken i regionen aukar, seier Østerlid.

Ho viser til at det no er 207 ledige stillingar i Sunnhordland på NAV.no. Østerlid meiner NAV no må tenkje nytt om korleis dei hjelper bedriftene å rekruttere.

– Me må tenkje annleis. Det kan vera mange fordelar med å investera tid og opplæring ved rekruttering av nokon som står utanfor arbeidslivet.

Av yrkeserfaring er arbeidsgjevarane i Sunnhordland mest interessert i dei som har jobba som tømrar, elektrikar og sveisar.

Den største nedgangen i arbeidsløysa denne månaden finn me i Kvinnherad.

Det er også nedgang i arbeidsløysa i Sveio, Stord og Tysnes. Medan Etne, Bømlo og
Fitjar har hatt ein auke i september i høve til i fjor.