Leiar i Fitjar Næringsråd, Monika Hatlevik, og ordførar Wenche Tislevoll oppfordrar i ein mail næringslivet i Fitjar kommune til å bidra til TV-aksjonen.

Her er mailen:

«TV-aksjonen 2014 går til Kirkens Nødhjelps arbeid med vatn.  «Vann forandrer alt».  Saman skal ein sikre varig tilgong til reint vatn for over ein million menneske. For berre 200 kroner kan du gje vatn til eit menneske for resten av livet.   

Dei siste tre åra har vi sett ei voldsom oppblomstring av næringslivets engasjement i TV-aksjonen.  Over 7000 bedrifter ga pengar og utfordra kvarandre gjennom nettsida giverstafett.no i 2013. Mykje av årsaka til auken er at stadig fleire kommunar arrangerer ringjedugnader for næringslivet.  

Ei gruppe sentrale næringslivsleiarar i kvar kommune møtest og ringjer rundt til sine kontaktar og oppfordrar dei til å bidra til TV-aksjonen.  Leiar i Fitjar Næringsråd, Monika Hatlevik og ordførar Wenche Tislevoll ynskjer med denne mailen å oppfordra næringslivet i Fitjar kommune til å bidra til TV-aksjonen».

Fitjarposten (Media Consult AS) har teke utfordringa og oppfordrar andre fitjarfirma til å gjere det same.

For å gi kan du gå inn på: Giverstafett.no og gi ditt bidrag. 

Ingressfoto: blimed.no