Politiet fekk klokka 08.00 i dag tidleg melding om ei utforkøyring på E39 ved Levågsvingen, om lag ein kilometer sør for Sandvikvåg.

Politi og ambulanse vart sendt til staden. Det synte seg at ein personbil på veg nordover hadde køyrt av vegen i ein slak høgresving. Bilen hadde først vore over i motgåande køyrefelt før han altså køyrde ut og inn i ein fjellvegg. Det vart store materielle skadar i fronten på bilen, men ingen personskade. Det var våt vegbane på staden.

– Bilbergingsselskap tok seg av bilen, og saka vert etterforska ved Stord lensmannskontor, opplyser operasjonsleiar Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.