Utflytta fitjarbu, Vidar Tufteland, som underviser i elektrofag ved Osterøy vidaregåande skule, er nominert til årets kulaste lærar i eit P3-program. 

Det er NRK P3 som for andre året på rad skal kåre den kulaste læraren blant vidaregående skoler over heile landet. Premien er mellom anna ein tur til Oslo og VIP-billett på Topp 20-showet på Rådhusplassen for heile klassen.  Læraren som vinn vil bli gjort skikkeleg stas på.

«Vidar er verdens kuleste og beste lærer. Han er en veldig snill person som alltid stiller opp og som vi alltid kan ringe til»,  skriv elevane mellom anna i grunngjevinga si til kvifor Vidar bør bli kåra som den kulaste læraren i år.

«Det er veldig kjekt hvis elevene føler de har det bra i klassen. Jeg synes det er viktig å skape et godt klassemiljø der det både er kjekt å være, og der du lærer noe. Og det er viktig å være der for elevene når de trenger meg, ikke bare i klasserommet», seier Tufteland til bt.no.

Namna på dei ti nominerte lærarane vart offentleggjort i går, og Vidar Tufteland er den einaste fra Hordaland som er nominert. Avstemninga på P3 sine nettsider pågår fram til 15. juni. I alt kom det inn rundt 200 framlegg.

Les meir på bt.no og p3.no.