I går starta Sælevik skule opp med den årlege «Uteskulen». Elevane er delt i 4 grupper: Førstehjelp, Leik, Matlaging og Padling.

-I løpet av dei fire tysdagane fram til sommarferien får elevane vere innom alle stasjonane. Rektor fekk gleda av å vere fotograf, og det var høg trivselsfaktor å spore på alle gruppene.

Førstehjelpsgruppa bandasjerte, spjelka og fekk armane i fatle. På gruppa leik var det full fart med «konglespretting» og å «kaste på pinne». Ute på Bergatjødno var det tre kanoar, to kajakkar og ein robåt i fint driv. Matlagingsgruppa var i og utanfor gapahuken. Dei laga ei god pølsegryte som heile skulen fekk smake på slutten av dagen. Det blei ein enkel jobb for fotografen å ta flotte bilete av kjekke elevar i strålande solskin!, heiter det på nettsida til Sælevik skule.