Fitjar-juniorane spela uavgjort 1-1 mot Steinkjer, men tapte straffesparkkonkurransen, og må reisa slukøyra heim att.

Dagens 16-delsfinale mot Steinkjer blei den tøffaste kampen for gutane her nede i Hjørring. Dagens motstandar var nok eit strå kvassare enn laga dei møtte i innleiingsspelet. Steinkjer-gutane kom godt i gang, og før det hadde gått 5 minutt, låg ballen bak keeper Vidar Vestbøstad i Fitjar-buret. Eit fint mål etter kjapt og godt angrepsspel frå Steinkjer si side. Nett då kunne det sjå ut som om Fitjar lett kunne få meir bakoversveis, men berre få minutt seinare utlikna Fitjar. Håkon M. Tørnqvist fekk lurt ballen forbi Steikjer-keeperen etter ei fin pasning frå Øyvind Fykse Lie.

Første omgang blei relativt jamspelt, med eit lite overtak for Steinkjer. I andre omgang hadde nok Steinkjer mesteparten av spelet og dei fleste målsjansane, men Fitjar-gutane var slett ikkje sjanselause. Uavgjort 1-1 ved full tid betydde straffesparkkonkurranse, som naturlegvis blei rein bingo. Førstemann for Fitjar, Kjell André Thorland, tok nok den finaste straffen av alle, hardt og kontrollert nede ved stolperota. Men Steikjer-spelarane satsa på harde skot, og ingen bomma før Fitjar hadde brent to av sine skot. Dermed var kampen avgjort, og Fitjar-gutane må reisa heim at utan å ha tapt ein kamp her nede.

Alt i alt var nok Steinkjer sin siger vel fortent, men det er alltid surt å ryka ut på denne måten. Fitjarposten vil prøva å få kommentarar frå trenarane Ketil Fykse og Rune Brakedal når vonbrotet har lagt seg. Truleg vender spelarane snart augo mot nye horisontar.