Etter at Fitjar 2 tapte sin kamp i dag morges, er begge laga våre ute av Dana Cup.

Fitjar 2 møtte Byåsen i dagens 16-delsfinale mot Bærum, ein kamp dei eigentleg hadde sjanse til å vinna, melder rapportane frå Danmark. Det stod 0-0 ved pause, men skader i forsvaret førte til fleire omrokeringar før andre omgang.

Trass i at gutane gjorde ein kjempeinnsats, heldt det ikkje heilt inn. Sluttresultatet blei 1-4, etter at Geir Steffen Tranøy hadde scora for Fitjar.

I ettermiddag blir det bading på den flotte stranda ved Fyrklit i sol og 22 graders varme, og i kveld blir det grilling. No blir det berre avslapping før heimreisa i morgon kveld.

Resultat frå sluttspelet i Dana Cup kan me lesa her: