Fitjar kommune sitt jubileumsår er til ende. Det vart markert i Kultursalen i går, med Sissel Jørgensen som dugande programleiar, eit stort publikum og flott musikk og song.

Då ordførar Harald Rydland stod for utdeling av Kulturprisen til Tora Vestbøstad, takka han for den verdfulle skatten ho har gitt oss i viser, dikt og prologar i fleire ti-år. Det Tora har forfatta er eigentleg viktige, historiske dokument med snert og humor. Mangt av dette skildrar folkelivet på ein treffande måte og dokumenterer fitjar-dialekten, som etter kvart vert noko utvatna. I jubileumsåret har som kjent Tora sine viser fått ein ny vår gjennom kabareten ”Håtta du.” Tora Vestbøstad takka for prisen og sa ho var svært takknemleg, og ho framheva mange av støttespelarane sine. Som me alle veit er Tora blind, og ho trong bl.a. skrivehjelp.

Tora fekk overrekt ein nydeleg steigodsengel, laga av Elisabeth Helvin, og ein spesiallaga  duftande blomsterbukett.

Fitjar ad hoc ensemble slo an tonen og akkompagnerte utøvarane som deltok i konserten: Johanne Fangel Brekke, Ole André Westerheim, Tom Rydland, Martin Hatlevik og Anne Karin Nilsen. Sistnemnde gjorde ein fantastisk debut som solist i Fitjar. Alle songarar og musikarar fekk stor applaus for framføringa av kjende juleviser både på norsk og engelsk. Det var og eit friskt innslag ved Terje og toradertuppene.

Hovudkomiteen for jubileumsåret fekk overrekt blomsterbukettar og velfortent takk. Takk og gode ord vart og retta til dei mange støttespelarane frå næringslivet, lag og organisasjonar og elles alle eldsjelene som har tatt små og store løft i høve dei mange og svært vellukka arrangementa i jubileumsåret.