FMV planlegg modernisering og utviding av anlegget.

I kommunestyremøtet onsdag var direktør Hugo Strand og Nils Andreas Brekke til stades for å presentera utbyggingsplanen til Fitjar Mekaniske Verksted AS.

I løpet av dei næraste åra er det viktig for verftet å fornya infrastrukturen. Anlegget er godt brukt og ein treng meir plass og løftekapasitet. Det skal utvidast mot vest, og det mest spanande punktet er planane om ny sjøhall. Den vil ruva i terrenget med sine 50 x 50 x 100 m.

Hallen er viktig for å kunna betra arbeidstilhøva, HMS, produktiviteten og å gjera verftet meir attraktivt for kundane. Det er viktig for FMV å vera ein god nabo, og med ein ny hall vil både støynivået og risiko ved malararbeid verta sterkt redusert. Hallen vil i alle tilfelle liggja nokre år fram i tid på grunn av den store investeringa.

Hugo Strand understreka at dei har ein dyktig arbeidsstokk, gode eigarar og god tru på framtida, sjølv om dei arbeider i ein pressa marknad og med eit krevjande kostnadsnivå. Verksemda er viktig i Fitjar sin arbeidsmarknad, og verftet håpar på størst mogeleg velvilje frå politikarar, naboar og bygdefolk i prosessen vidare.

Byggenummer 36, ”Harvest”, er under slep no, og er venta til kai i løpet av helga. Det er ein kombinert snurpar og trålar som skal leverast i månadsskiftet mai/ juni. I hallen er skroget til ein ny oppdrettsbåt under bygging. Den skal leverast i mai.

Sist mandag signerte dei kontrakt på ein tilsvarande for levering i oktober. Dermed har HMV ordrehorisont til oktober. Ved kaien ligg ”Vendla II”, gamle ”Vendla”, til reparasjon. Der ligg også ein lekter frå oppdrettsnæringa som skal få montert ny kran. Slike jobbar kallar dei for service-oppdrag.