Det ofselege vêret førre veke gjorde store skadar på kortsystemet for drivstoff på Sjøsio. – Det har gjort at me har vore utan drivstoff i ei veke. Det seier beklagar me, seier Vidar Larsen til fitjarposten.no.

– Lyn og tore, samt sjøsprøyt, har øydelagt styringssystemet. Dette har gjort sitt til at utfordringane har vore mange. Fyrst det elektroniske, men når det var i orden att, synte det seg at me hadde fått mekaniske feil òg, legg Larsen til.

Han fortel vidare at dei har fått delar med fly frå Nederland, men at dei framleis manglar nokre viktige.

– Me seier oss leie for dei ekstra belastningane dette har vore for dei kundane som er avhengige av drivstoff anlegget vårt. Men folk har jobba kontinuerlig med denne saka, og me skal vera i drift så snart råd er, seier Vidar Larsen til slutt.