Ingen sure miner då born og vaksne var samla til aktivitetar ein regnversdag denne veka.

Tysdagsklubben i Øvrebygda avslutta vårhalvåret med ein tur til Dåfjorden. Små og store la ut på natursti i området ved Sælevik skule, og dei fleste fann rett svar. På nokre av postane var det praktiske oppgåver. Matpause med utdeling av premie til alle klubb-deltakarane føregjekk inne. Elisabeth Fauskanger heldt andakt og borna var med og song. Reidun A Helland leia samveret og ønskte alle god sommarferie og velkomne til nye aktivitetar til hausten.