Ved Botnavatnet og enkelte andre høvelege turmål i Fitjar har det blitt lagt ut slike kodekort og invitasjon til å registrera seg.

TellTur er eit elektronisk system for turregistrering. Det er friluftsråda som står bak, saman med kommunane i regionen. Du kan registrera resultata dine ved hjelp av SMS eller direkte på nettet. På denne måten ønskjer initiativtakarane å stimulera oss til å bli meir aktive i friluft, heiter det i informasjonen me finn i boksane på dei enkelte turmåla..

TellTur omfattar 100 forskjellige turmål i 12 kommunar, og det er sett opp fine premiar i ulike klassar. Dei fem turmåla her i Fitjar er Botnavatnet, Surefjellet, Klovskarfjellet, Morkavatnet og Mølle 12. Meir informasjon om TellTur finn du på www.telltur.no. Her finn du mange fine turmål Stord kommune og dei andre nabokommunane våre.

For å bli med i konkurransen må du registrera deg som brukar av TellTur på www-telltur.no. Kvart enkelt turmål har ein unik kode som du finn på eit ark med rettleiing.Denne koden sender du på SMS – eller du kan registrera den på interenett.

Me har prøvd. og kan konstatera at dette fungerer. No kan du gå inn på nettstaden og sjå kven som har vore på dei aktuelle turmåla sidan 1.april. På Facebokk-sida til Stord-Fitjar Turlag ser me at kodebrikken er ikkje komen på plass ved Morkavatnet enno. Den vil vera på plass rett over påske; til liks med posten ved Barlindedalsvatnet, eit stykke lenger inne i skogen, i Stord kommune.

 
Full vinter i fjellet, utsikt frå Botnavatnet mot Litlasåto og Mehammarsåto. Foto: Kjetil Rydland.


Surefjellet er eit overkommeleg turmål i Ovbygdo, med 360 graders utsikt blant anna over havet, Storavatnet, fjellet og Bømlo. Foto: Kjetil Rydland.