Draum om morgondagen, hugs gårsdagen og lev i dag, var temaet for midnattsmessa som samla vel femti stykk i Fitjar kyrkje på tampen av 2011.

Medan det regna og blåste surt ute og rakettane tok til å farga nattehimmelen samla ein fin flokk seg til midnattsmesse saman med sokneprest Olav Johannes Oma, vikarorganist Harald Rydland og klokkar/kyrkjetenar Harald Johan Sandvik. Det var ein svært fredfull stemning i den julepynta kyrkja og messa var prega av god tid til bøn og lystenning.

Med utganspunkt i preiketeksten frå Johannes 14,27: «Jesus sa: Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta uroast, og ver ikkje motlause!», snakka soknepresten om Guds fred som er hans nærvær i verda.  Denne freden skal ein be om, søkja og forkynna, sa Oma, og minna om den freden som ligg i det å få tilgjeving frå Gud.

Forsamlinga, med ein rimeleg lav gjennomsnittsalder, deltok aktivt med i bøner og song, og greip høvet til å tenna lys ved julekrybba, tenna lys i lysgloben, be ved alterringen og å fylla bønekorga med skrevne bøner under bønedelen.

Før kyrkjeklokkene slo 3×3 slag eit kvarter før det nye året tok til, song Arve Rydland med si fyldige røyst den flotte Nordnorsk julesalme, med bøn om fred og Guds signing over fe, land og folk.