Sjå og bli sett – Arne Voll, syklande kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Å sykla er populært som aldri før, men mange syklister kan for bilistane vera «usynlege» i trafikken. Etter å ha skimta eit par slike ute i tussmørkeret finn me det viktig og rett å leggja ut ei pressemelding frå forsikringsselskapet Gjensidige.

Åtte av ti bilistar seier at dei har blitt blenda av motlys og låg sol, og mange av dei har oversett syklistar.

– Det å sørgja for å bli sett i trafikken er viktig heile året, men ekstra viktig no når dagane blir kortare og kveldane mørkare. Det seier sykkelentusiasten Arne Voll, som er kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Voll synest det er rart at mange velr vekk rimelig sikkerhetsutstyr som lykter og lyse klær. Selv bruker han sykkellykt hele året for å være sikker på å bli sett.

En undersøkelse som er gjennomført av Ipsos for Gjensidige viser at hele 80 prosent av bileierne har opplevd ubehagelige situasjoner på grunn av motlys og lav sol.

– Ein typisk situasjon er da at dei overser syklistar. Det er sjølvsagt bilførar sitt ansvar å ikkje kjøra på nokon og vera ekstra varsam overfor mjuke trafikantar, men trafikken er eit samspel, og vi må hjelpa kvarandre til å unngå ulykker, seier Voll.

Han har sjølv opplevd fleire nestenulykker på sykkeltur og bruker gode lykter, både framme og bak. I tillegg prøver han å bruka godt synlege sykkelklede.

– Syklistar må sjølvsagt velja sjølve, men det er ingen tvil om at sterke fargar er mer synlege enn om ein kler seg i heilt mørke klede på ein svart sykkel, seier Voll.

Kvart år blir flere skadde i sammenstøytar mellom bil og sykkel. Ofte er det berre tilfeldigheiter som gjer at det går bra.

– Ta det med ro, vis omsyn til andre syklande, kjøretøy og mjuke medtrafikantar. Er ein i tillegg godt synleg, ligger alt til rette for ein trygg og god sykkeltur, avsluttar Voll.

Me har mange syklistar, men ingen å mista. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Dette er krava til lys og refleks *

  1. Ved sykling i mørker, skumring eller ved dårleg sikt/vêr skal det framme på sykkelen vera lykt med fast gult eller kvitt lys og/eller fleirfunksjonslykt som gir blinkande eller fast kvitt lys. Bak skal sykkelen ha lykt med fast eller blinkande raudt lys. Dette gjeld ved sykling på «alminnelig beferdet» veg eller område.
  2. Lyktene skal kunna sjåast tydeleg i ein avstand på 300 meter. Lykt som gir blinkande lys skal blinka med minst 120 blink per minutt.
  3. Lyktene skal vera festa på sykkelen.
  4. Det skal vera raud refleks bak.
  5. På begge sidene av pedalane skal det vera kvit eller gul refleks. Dersom sykkelen har klikkpedalar der det ikke kan monterast refleks, skal sykkelen ha refleks på pedalarmane.
  6. Refleksane skal vera av godkjend type. Ein må i utgangspunktet gå ut frå at det som blir selt som «sykkellykt» er i tråd med krava.

Å bruka klede med neonfargar og refleks er nesten like viktig for å bli sett som lys. Klede med sterke fargar aukar også synligheita betrakteleg i dagslys.

Foreldra må ta ansvar for at barna har sikkerutstyret i orden.

*Fakta henta fra Lovdata.