Fitjarposten har nytta helga til å sjekka føret i fjellet, og konstaterer at isen begynner å bli skummel.

Midt på vatna i fjellet er isen «fjellstø», sikkert rundt ein halv meter tjukk. Men det begynner å bli råker rundt elveosane, og enkelte stader har isen losna frå land. Turen i dag gjekk frå Sæterbø over Sæterbøleitet og Tausavatnet inn i Sæterbølio. Før me la kursen over Gavlavatnet og oppover Hedledalen. Ved Tausavatnet møtte me ein gjeng som prisa godvêret med å grilla pølser.

Det er ganske fast og fint å gå i marka, for det har frose om nettene. Og dersom ein ser seg for, kjem ein seg tørrskodd over dei islagte vatna. På Gavlavatnet har isen losna frå land enkelte stader slik at det er vanskeleg å komma seg trygt utpå. Endå verre er det oppe oppe på Nedre Hedledalsvatnet; før me vissste ordet av det hadde med trødd uti. Heldigvis hadde me Ulvang-sokkar på, og eit ekstra par i bagasjen.

Både Øvre Hedledalsvatnet og Sølivatnet verka heilt trygge, men det varer nok ikkje så lenge. Me vil derfor ikkje rå nokon til å utfordra skjebnen, dersom det ikkje blir meir frost framover.