Fitjarposten har fått fleire spørsmål om isen på vatna rundt omkring i kommunen er trygg etter at ein har sett ungar på islagde vatn.

Etter ein telefonrunde har fitjarposten.no fått klarlagt at verken politiet eller kommunen gjer slike målingar. Dermed vert det eit foreldreansvar å finne ut om isen er trygg før dei sender borna sine utpå.

På heimesida til Stord kommune har ein lagt ut nokre isvettreglar. Dei kan du lese her.

Sjekk også ut lenka til Friluftsrådet Vest.