I det siste vågar enkeltpersonar seg ut på isen på Storavatnet, men ingen offentlege instansar har kontroll med at isen er trygg.

Midt i desember sette kulda inn og etter ei tid begynte isen på Storavatnet å leggja seg. Det skjedde stykkevis. Sjølv om gradestokken viste -10  gr. C tok det lang tid før store deler av vatnet  vart dekka av is. Så kom det snø på isen som isolerer godt. Dette gjer at isen ikkje vert tjukkare så fort som ein skulle tru, sjølv med streng kulde som no.

I mange kommunar er det brannstellet som kontrollerar istjukkelsen. Brannsjef Tore Nesbø fortel at det ikkje er innført ei slik ordning i Fitjar. Både lensmann Svein Lunde og ordførar Harald Rydland stadfester at kontrollordning ikkje finnes i kommunen. Det har i alle år vore opp til private som vil nytta isen, å kontrollera der dei ferdast.

Begge dei to sistnemnde meiner isen er usikker i år og ein bør difor væra svært varsam med å gå utpå enno.