Arkivfoto/pressefoto

Som ein fylgje av situasjonen på Austlandet med det muterte koronaviruset vert Fitjar sitt lokale vedtaket om besøk på sjukeheimen justert noko, og kommunen set i verk nye smitteverntiltak for tilsette i helse- og omsorgstenestene.

Ordførar Harald Rydland melder at kriseleiinga no har gjort endringar av dei lokale tiltaka som ein følgje av det muterte koronaviruset på Austlandet.

– I det lokale vedtaket gjeldane besøk på Fitjar bu- og behandlingssenter legg me til eit forbod mot mot besøk på sjukeheimen dei 10 første dagane etter at ein har komme frå kommunar som er ramma av dei nasjonale tiltaka for det muterte viruset (med unntak av særlege situasjonar, som til dømes besøk til døyande pasientar).

Kriseleiinga oppmodar personar til å koronatesta seg dersom dei i løpet av dei siste 10 dagane har komme til Fitjar frå ein av austlandskommunane med særlege tiltak.

Kommunale helsetenester

Rydland fortel at Fitjar kommune ogse set i verk desse tiltaka ved kommunale tenester:

  • Tilsette i helsetenestene som har vore i ein av dei 25 ramma kommunane på Austlandet siste 10 døgn, skal testa seg så snart som råd etter at dei er kommen til Fitjar.  Ved negativ test kan dei gå på jobb, men skal bruka munnbind i 10 dagar.
  • Legesenteret og heimetenesta skal generelt bruka munnbind på personal og pasientar ved avstand under 1 meter.
  • Dersom pasientar med luftvegsymptom oppsøkjer legesenteret etter å ha vore i ein av dei 25 ramma kommunane på Austlandet dei siste 10 dagane, skal personalet bruka fullt smittevernutstyr.  Dersom det ikkje hastar med avtale, bør legesenteret be dei vente med timeavtale til etter dag 10.