Uno-X stasjonen på Fitjar gjennomgjekk i dag fasadeforandring for å fremstå i ny drakt.

– I alt er det 130 Uno-X stasjonar som skiftar design i desse dagar, smiler Ole Jakob Høkeli, som står for monteringa av dei nye fasademodulane. Høkeli har spesialisert seg på nettopp denne typen jobbar – og har halde på med dette i 28 år.

Ikkje berre for Uno-X, men òg for andre oljeselskap.

– Tidlegare hadde eg òg jobbar ute i Europa. No jobbar eg berre i Noreg, seier han til fitjarposten.no