Barnehagedager med Bjørnis. Foto: Midt-Hedmark brann- og redningsvesen IKS.

– Sommaren er høgsesong for avfallsbrannar. Vi veit at blanda avfall utgjer ein særleg risiko som brannkjelde, åtvarar Samfunnsbedriftene i ei pressemelding.

– Det har skjedd igjen; ein barnehage brann ikkje ned, fordi avfallsdunkane stod i eigne skur, langt unna bygget. Puh! skriv næringspolitisk rådgivar Marianne Haugland i Samfunnsbedriftene, og held fram:

Sjå for deg overskrifta: «Barnehage unngjekk brann». Avfallsdunkane stod nemleg i eigne skur, langt unna bygget. Puh! Det er jo ei ikke-nyheit, fordi ingenting har skjedd. Likevel er det så viktig at det burde stått i lokalavisa. Og det skuldast at heilt vanlege folk tok ansvar.  

Sommeren er høgsesong for avfallsbrannar. Vi veit at blanda avfall utgjer ein særleg risiko som brannkjelde. Vi veit at avfall av og til begynner å brenna av seg sjølv, og at utfordringa aukar med talet på batteri som blir kasta. Dessverre er det også alltid ein fare for at nokon tenner på.  

Avfall som brenn, kan sleppa ut miljøgifter i lufta, i vatnet og i jorda. Og all brannrøyk kan vera skadeleg for menneske. Det finst knapt noko verre å pusta inn enn røyk fra brennande avfall. Kort sagt er avfallsbranner noko svineri.  

Samfunnsbedriftene organiserer blant anna avfallsselskap og brann- og redningstenesta. Våre medlemmer jobbar kvar dag for at du skal få dei tenestene du treng i lokalmiljøet. Men dei treng at vanlege innbyggjarar tar litt ansvar. Kan du hjelpa oss med å førebyggja?   

· Lever batteri og anna farleg avfall på forsvareg vis til eit godkjent avfallsmottak.  

· Bruker du eingongsgrill, så sørg for at han er skikkeleg sløkt og legg han i eigna avfallsbehaldar.  

· Plasser avfallsbehaldarar unna bygningar.       

Slik kan du hjelpa til med å forhindra at nokon må pusta inn giftig røyk frå brennande avfall i sommar. På hytta, eller heime: Lurer du på korleis du sorterer, og kor du leverer avfall? Sjekk sortere.no.