For å ta vare på det unike kystlyngheilandskapet i skjergarden vår er det utarbeidd ein prosjektplan for fjerning av sitkagran i Fitjarøyane.

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, med Aase Nøttveit i spissen, har utarbeidd ein prosjektplan for fjerning av sitkagran i Fitjarøyane på bestilling frå Interesselaget for næringsutvikling i Fitjar og Brandasund. Med seg i plangruppa har ho hatt Ole Kristian Trondsen i tillegg til representantar for grunneigarane, interesselaget, fylkesmannen og folk med skogkompetanse.

Planen var ferdig og vart overrekt interesselaget 15. mars i år. Bakgrunnen for planarbeidet var at kulturlandskapet i Fitjarøyane har endra seg mykje dei siste 50-60-åra på grunn av sitkagranplantinga som skjedde frå 50-talet og utover. Grantrea held på å konkurrera ut dei unike lyngheiene mange stader, og i dag ser ein på granplantinga som ei feilplanting.

Kystlyngheilandskapet er skapt av kystgardane som gjennom fleire tusen år har brukt lyng som beite for dyra om vinteren. Kystlyngheia består blant anna av røsslyng, som er den mest næringsrike lyngplanta. Gjennom beiting og sviing har desse heiene vorte haldne ved like gjennom generasjonar. Direktoratet for naturforvalting ser på kystlyngheiene i Fitjar som eit av to særskilt verdifulle lyngheiområde i Hordaland. Det unike på Fitjar er at det er eit stort samanhengande lyngheilandskap med få inngrep, og i eit aktivt miljø. Dette landskapet krev skjøtsel og det er drift ved mange av kystgardane her i området.

Hovudmålet til prosjektgruppa er å redusera talet på sitkagran i øyane. Dei meiner at dersom kystlynghei som kulturlandskapstype skal overleva, må heiene nyttast til beite, og tradisjonen med sviing må vidareførast. Men skal det vera rom for lyngen, så må aller først dei store sitkagrantrea vekk. Dei ynskjer seg flest mogleg øyar utan denne framande grana, og innan år 2060 satsar dei på at alle øyane er totalt fri for sitkagran.

Det er sjølvsagt grunneigarane som bestemmer kva som skal skje med granene, men dei som ynskjer å fjerna gran på sin eigedom kan søkja landbruks- og miljøkontoret om støtte til dette.

Du kan lesa meir om dette på kommunen si heimeside her.