Konfirmantane Gunn Maraas og Sunniva Oma stod for orgelspelinga under Familiemessa i Fitjar kyrkje i dag. Ei gudsteneste med eit svært ungdommeleg preg.

I tillegg til at det var ungdommar som tok seg av orgelspelet, stod Fitjar Tensing for både preludium, postludium, og tekstlesinga med.

Etter gudstenesta drog Tensing-ungdommane med leiarar til Smedholmen der dei slutta av for året med bading og Tube-køyring. Og jammen kom dei seg ut i sjøen, leiarane med.