Mat- og helseelevane i 9. trinn på Rimbareid skule lanserte eiga kokebok. Foto: Kjerstin Stokken/Rimabareid skule.

Måndag kveld lanserte 9. trinn på Rimbareid skule eigenprodusert kokebok.

– Prosjektet starta opp i haust ved at Håkon C. Hartvedt, forlagsleiar i Fitjarposten forlag, kontakta oss og presenterte idéen for oss, seier Stokken.

Hartvedt hadde tilfeldigvis kome over ein skule i Sør-Noreg som hadde gjort eit liknande prosjekt, og likte idéen så godt at han inviterte med seg mat- og helse-elevane på Rimbareid til eit samarbeid.

Idéen gjekk ut på at alle elevane skulle ta med seg ei oppskrift heimefrå som var typisk for deira familie.

Dei skulle deretter laga den aktuelle retten, presentera han med eit bilete som dei også skulle ta sjølv, og skriva ned oppskrifta.

Resultatet vart ei flott kokebok med 48 oppskrifter – ei for kvar elev som deltok i prosjektet.

Ordførar Harald Rydland var også til stades under lanseringa av den nye kokeboka. Foto: Kjerstin Stokken/Rimbareid skule.

Elevstyrt prosjekt

– Då me bad elevane gå heim og finna oppskrifter kom dei tilbake med alt frå lappar til sushi. Eg synest kokeboka har blitt utrulig variert og flott, ein finn alt frå enkle kvardagsrettar til meir raffinerte oppskrifter, seier lærar Kjerstin Stokken, som saman med Håkon Hartvedt har hatt ansvar for prosjektet.

Ho fortel at elevane har hatt det veldig kjekt i arbeidet med kokeboka.

– I og med at dei har gjort det meste av arbeidet sjølv, og fått sett sitt preg på heile prosjektet, har dei fått eit sterkt eigarskap til kokeboka. Dei har også samarbeida mykje på tvers av grupper og klassar, noko som har skapt eit godt samhald i gruppa, fortel Stokken.

Interesserte har no mulighet til å skaffa seg eit eksemplar, dersom dei kjøper boka via elevane vil tretti prosent av inntekta gå til 9. klasse på Rimbareid skule.

Amfiet var fullt av gjester under boklanseringa. Foto: Kjerstin Stokken/Rimbareid skule.