Engasjerte songarar i ulike aldrar lokka fram den gode julestemninga med mange kjende og kjære songar, og nokre heilt nye julesongar, då jula vart sunge inn på Fitjar bedehus laurdag ettermiddag.

I år var det den 30. gongen det vart arrangert Me syng jula inn, på Fitjar bedehus, og i år bar arrangementet preg av meir ungt blod enn på lenge.

Ei spennande familiegruppe med ungar og vaksne frå ulike familiar deltok med fleire nye flotte julesongar, der høgdepunktet heilt klart var Jarle Waldemar sin song Kongens by.

Ungdomane Ingvild Prestbø, Judith E. Hageberg og Guro Rimmereid song fleirstemt I en natt og Himlen i min famn.

Dei godt vaksne songarane i musikkforeiningen tok for seg lokale julesongar som Lars K. Vik sin Julesong og same mann si norske oversetting av Alle Guds folk stemmer i. Og musikkforeiningen stemte verkeleg godt i denne dagen, noko som den fyldige bakrekkja med 8 kraftige tenorar og bassar var med å sørgja for.

Eit flott husorkester sørgde for profesjonelt tonefylgje til alle dei tradisjonelle julesongane som heile forsamlinga stemde i.

Songstunda vart fint leia av jubilanten Trygve Eiken, som vart overraska med bursdagssong frå heile salen. Marit A. Røen minna små og store i forsamlinga om engelen sitt bodskap til gjetarane: Ikkje ver redde!.Sjå eg kjem med bod til dykk om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by.