Johannes Landmark med engasjerte miljøvernarar ved deponiet i Svartasmoget. Foto: Kjetil Rydland.

Miljøklubben «Grønne barn» fekk eit tankevekkjande møte med SIM sitt anlegg i Svartasmoget i byrjinga av denne veka.

Dei ti ungane er med på mange spanande prosjekt saman med Rita Hindersland Huse og Silje Vågen Torbjørnsen på Fitjar folkebibliotek.

På den siste ekskursjonen sin, til SIM i Svartasmoget, blei dei tekne imot av den durkdrivne læraren Johannes Landmark frå Stord.

Den gamle læraren bad oss gjera eit tankesprang bak til steinalderen, då nesten ingen ting av det me brukte og etterlét når me var ferdige med det, var til skade for naturen. I motsetnad til i dag; no bruker me mykje meir, og set eit mykje tyngre fotavtrykk etter oss.

Dei unge miljøvernarane viste at dei kunne mykje frå før, då Landmark forklarte kvifor det er så viktig å kjeldesortera, bruka ting om att og gjenvinna energi.

Ute ved deponiet fekk dei sjå seg om og erfara sjølve at det nesten ikkje lukta avfall. Nede på komposteringsanlegget forklarte Johannes Landmark korleis bioavfallet vårt blir til god jord som me til dømes kan bruka på plenane våre. Og så fekk dei med seg eit lite beger med kompostjord og nokre tulipanløkar som dei kan setja oppi.

Desse unge miljøvernarane er allereie i ferd med å få gode haldningar basert på kunnskap. Me vil tru at dei vil bidra til at det etter kvart vert unødvendig for SIM å dela ut «raudt kort» til miljøsyndarar, som stord24.no skreiv om hin dagen.