Når distansen blir lang nok, held Halvor Aga følgje med den beste 800-meterløparen i landet. Foto: FP-arkiv.

Under gårsdagens test over 10 000 meter kom ungdommane Johannes Sandvik Bø og Halvor Livastøl Aga i mål godt under 40 minutt.

Med tida 39.11 gjekk dei to ungdommane likt over mål i milløpet, og sette med det nye personlege rekordar på distansen.

Trenar Bård Inge Bø er hare, og hakk i hæl kjem Johannes halsande. Her på ein kortare distanse, der farten er litt for stor for Halvor Aga og Marius Pedersen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Det er trenar Bård Inge Bø som melder dette til Fitjarposten i dag. Han fortel at han sjølv var «hare» i ni kilometer, før han sleppte ingdommane forbi.

– Johannes og Halvor låg lydig i ryggen på meg i 9 km, før dei stakk, fortel den langbeinte trenaren, og held fram: Begge kompisråkøyrte siste kilometeren på 3.22, og fekk sluttida 39.11, som er pers med over eit minutt.

Det er såleis første gongen dei kjem under 40 minutt med «offisiell» tidtaking, men trenaren meiner dei har ein god del meir inne.

Det gjeld kanskje ikkje trenaren, som fortel at han kom inn 20 sekund bak dei spreke ungfolane på tida 39,31. Ein annan som derimot har meir inne, er unge Marius Pedersen, som sprang inn til 41,50, med far Roar Pederssen som hare på sykkel.

Bård Inge synest resultatat var svært bra med så lite erfaring på distansen, men han trur dei kan springa eit minutt raskare neste gong, når dei vågar å opna hardare. Dette løpet var først og fremst nyttig for å finna farten dei skal ha på terskelintervalla. Den må ikkje vere for høg, og ikkje for låg, forklarer trenaren.

– 10 000 meter er ikkje ein distanse ungdommane skal springa på alvor på mange år enno, understrekar friidrettstrenar Bø, men dette var altså ein grei sjekk på den aerobe kapasiteten deira!