Fotballgruppa i Fitjar Idrettslag driv aktivt rekrutteringsarbeid på dommarfronten, og torsdag ettermiddag fekk tre unge dommarar  prøva seg for første gong i 11arkamp – med suksess! Henrik R. Kjelling styrte jentekampen mot Solid med stø hand, med god hjelp av to assistentdommarar, Christer Korneliussen og Andreas Drønen.

Det er ikkje kvar dag det stiller full dommartrio til kampane i dei aldersfastsette klassane. Med dei ulempene det fører til med tanke på rett vurdering av offside, eit evig stridstema på alle nivå i 11arfotball. Men torsdag kveld var det jentene i 13-årsklassen på Fitjar som opplevde denne luksusen då dei møtte Solid til seriekamp på "kunstet".

I denne kampen fekk dommartrioen Henrik R. Kjelling, Christer Korneliussen og Andreas Drønen sin debut i 11arfotball. Alle tre er 14 år, og fekk i fjor sitt første dommarkurs på Fitjar hos Roald M. Nilsen. Han er dommaransvarleg i fotballgruppa og fortel at Fitjar har mange lovande dommarar i yngre årsklassar. Dei er motiverte for oppgåva, og det er viktig at lagleiarane lar dei få prøva seg.

Dagens dommartrio kom veldig godt frå oppgåva. Henrik Kjelling styrte kampen med stø hand, frå avspark til site sekund. Og med god hjelp frå to stødige assistentar på linjene blei det ikkje mange kontroversielle avblåsingar. Me fekk med oss denne kommentaren frå tribunen: "Eg merka jo ikkje at dommaren var på banen". Det er ein kompliment for ein dommar – då kan han ikkje ha gjort mange feil.

Det høyrer med til soga at Fitjar-jentene tapte 0-11 for Solid, men det var ikkje dommartrioen sin feil.