Uvanleg sterke prestasjonar på Stordleikane.

Seks fitjardeltakarar markerte seg uvanleg sterkt på Stordleikane i helga. Sjølv utan småskadde Tone Sandtorv Brakedal var Natalie Steien(11), Anna Sandvik Bø(10) og Marius Torbjørnsen(11) så hyppige gjester på pallen at speaker Øvrebø fleire gonger bemerka dei flotte prestasjonane frå naboklubben i nord.

Natalie Steien suste inn til tre 2. plassar. Både på 60m hekk, 60m(9,91) og ved å strekke seg til 3,49 i lengde. Dette i konkuranse med mange deltakarar frå heile Hordaland og Rogaland. 

Anna Sandvik Bø(10) prøvde ut alle stega på podiet. Det øvste i høgde der ho sigra i ein tett duell med Sofie Lode frå Bergen TF, begge med resultatet 1,16, men Anna med færre riv. På 40m stupte ho over mål til 2.plass med tida 7,33. Og i ein rekordjamn lengdekonkuranse var ho ein cm bak sølvet og to cm føre 4.plassen med 2,96m.

Marius Torbjørnsen(11) fekk ein knallstart på 40m, som sikra han sølv. Tida var 7,18. I lengde vart det ein flott 3. plass med 3,41m. I tillegg sprang Marius 600m på 2.09,57, og inn til 4.plass. Han sprang også 60m.

Rekruttane Eirik Torbjørnsen(9), Johannes(8) og Bjart Sandvik Bø(7) markerte seg også i sine øvingar høgde (berre Johannes delok), lengde og 40m, utan at ein rangerer for mykje i desse årsklassene.

Ingressbilete: Johannes Sandvik Bø, Eirik Torbjørnsen og Bjart Sandvik Bø i fint driv på 40 m. Foto Silje V. Torbjørnsen