Fitjarposten sin utsende har vore på besøk hos Gaute Levåg.

Saman med Gaute Levåg og Trond Aarskog går me inn på beitemarka der 14 Angus-fe går og beiter. Det er årskalvar, fjorårskalvar, ein okse og nokre ammekyr. Kyrne treng ikkje hjelp i kalvetida, og dei har nok mjølk til kvar sin eigen kalv som syg av mora til neste kalv kjem. – Dyra er rolege, fortel Gaute, – dei treng lite stell og går alltid ute, og søkjer ly i skogen når det er kaldt. Angus-fe er gode beitepussarar for dei et også lyng, kvistar og rydningar. Om vinteren vert dei fora med rundballar i tillegg. Den varierte kosten gir ein annleis og god smak på kjøtet.

Trond Aarskog driv også med kjøtfe, men ikkje berre Angus-fe. Denne dagen vil han at fokus skal vere på drifta til Gaute. Dei to synest arbeid med husdyr er ein god variasjon i høve til det daglege arbeidet utanom garden, og det er ikkje noko stress. Slåtten går fort unna med rundballepressing. Elles skal jorde og beitemarker gjødslast fleire gonger i sesongen.

Gaute flytta heim att og bur med familien sin på garden som han tok over etter far Gisle. Gardsdrifta går i null, seier Gaute, men det er kjekt arbeid. Både han og kompisen Trond meiner dei har ein god hobby. Så lenge arbeidet er ein hobby og trivselen følgjer med, vil desse to unge bøndene halde fram som no. – Utan dyr på beite hadde jordene snart grodd att, noko ein ser mange andre stader. Far set pris på at garden vert driven, legg Gaute til, dessutan er det sunt for born å vekse opp i lag med dyr.

Etter samtalen vår gjer Gaute seg klar til ein jakttur. – Det går mykje hjort i området her, avsluttar han.

Me viser til ein seinare reportasje om satsing på lokal mat med mange aktørar frå Fitjar, og deriblant unge bønder.