Politikarane i utvalet lyttar til Hovland og Carruthers som fortel om arbeidet sitt, Foto: Ingrid Hovstad

Gjennom Nav har ein på Fitjar hatt eit ungdomsteam to dagar i veka. Her møtast unge arbeidsledige og får hjelp til å koma ut i arbeid.  

Sunniva Sande Hovland og Vibekke Carruthers vitja i dag utval for oppvekst og omsorg og fortalde politikarane om arbeidet sitt.

– Me startar dagen med å henta dei som treng skyss, so tek me ein kopp kaffi før me startar med det me skal i løpet av dagen, fortel Sunniva Sande Hovland.

Ho fortel vidare om kva dei kan finna på utover dagen.

– Me gjer alt mogleg. Me har vore å mala i Galleri Losjen, gått tur i vindparken og sett den nye dokumentaren til Leo Ajkic. Elles er me på bedriftsbesøk, inviterer bedrifter til oss på kaffibesøk, hjelper til med å skriva CV og finn informasjon om skule eller studiar til dei som vil det.

Må satsa vidare

Dei to damene viser til kvifor Fitjar må satsa vidare på dette.

-Det er noko som skjer psykisk om ein er ledig heile dagen, utan jobb og fast økonomi, kan det vere vanskeleg i lengda. Dette arbeidet er vinn-vinn for både deltakarar og lokalsamfunnet, om ein satsar på det, og ser kor viktig det er.

- Annonse -

Ole Bergesen i utvalet lurte på korleis bedriftene i Fitjar stiller seg til dette ungdomstemaet.

– Me syntest bedriftene på Fitjar viser velvilje for prosjektet, og hjelper til med arbeidstrening, svarar Hovland.

– Det er ikkje realistisk at alle går i jobb 100%, men berre 40% kan vera nok for nokon. Målet vårt er å finna tilbod som passar kvar enkelt i teamet, avsluttar Sunniva