I samband med Håkonarkvelden i Kultursalen, laurdag, stilte Karina Raunholm med eigen fotoutstilling.

Karina fortel at ho har drive med foto i to år, og for knapt eit halv år sidan kjøpte ho seg digital speglrefleks. No kan fitjarbuen sjå resultatet av det. Bileta heng på veggen i foajeen i Kultur- og Idrettsbygget, noko bortanfor åkleutstillinga. Ein del flotte naturbilete, og eit artig portrett. Alle bileta er i 20 x 30-storleik, montert i kvit passe-partout.