God stemning med mykje graut, fine gevinstar og glade ungar under julemessa i Fitjar bedehus i går.

Då me kom til bedehuset i 13-tida i går, var det nokolunde god plass ved dei mange borda. Men det hadde tydelegvis vore mykje folk innom, forstod med på dei som hadde vore der ei stund. Alice Haukeland ved grautgrytene kunne fortelja at dei hadde selt 45 liter risgrynsgraut, og den store panna var nesten tom! Elles nytta me høvet til å kjøpa oss nordlandskaker og julebrød, i trygg visse om at kvaliteten er bra.

Om det hadde vore relativt romsleg då me kom, endra dette seg brått då ungane strøymde på. Ikkje ein ledig stol var å oppdriva då ungar med foreldre og andre slektningar hadde fylt lokalet. Johannes Olsen heldt andakt, med god hjelp av ein gjeng ivrige ungar. Temaet var framhald frå julemessa i fjor, Jesus som den beste julegåva og Bibelen som bruksanvisning. Fitjar Barnegospel gledde forsamlinga med songen sin, før det blei matøkt og ein ny runde med åresal. Barna si julemesse blei avslutta med gull-lotto for dei under 12 år. Dette lotteriet har etter kvart blitt tradisjon på desse julemessene. Her vinn alle premie, men aldri har så mange vunne som i år. Heile 127 ungar fekk kvar sin adventskalender med sjokolade. 

Då ungane hadde fått sitt, overtok eit litt meir vakse publikum lokalet. Også under dette tradisjonelle julemessearrangementet utpå ettermiddagen var besøket godt. Arne Tislavoll heldt andakten, og det blei avvikla loppemarknad og nye rundar med åresal før matøkta. Heilt til slutt blei premiane i loddbøkene trekte. Her var det selt lodd for titusenvis av kroner, og gevinstane var flotte. Glade vinnarar kunne gå heim med saueskinn frå Fodno, heimelaga kniv frå Rydland, pinnekjøtt, spekeskinker, koppar, dukar, kjøkenmaskin, og sist, men ikkje minst, ein flunkande ny kvilestol i skinn. 

Konferansier under den siste økta var Rasmus Fitjar. Han takka alle som hadde vore med og skipa til julemessa, før dagen på bedehuset blei avslutta på stemningsfullt vis med «Deilig er jorden».