På tross av ein gjennomsnitts-alder på under 1 år har musikkgleda til tider bobla over hos dei unge deltakarane på babysongkurset på bedehuset denne våren.

Under den siste samlinga, som var på sjølve 150-årsdagen til Fitjar kommune, var det diplomutdeling til dei unge kursdeltakarane, og både foreldre og leiarar syntes helst det var litt vemodigt at det allereie var over for denne gong. Astrid Koløen Prestbø, som er ein av leiarane, fortel at det er lett å sjå at dette er noko babyane trives med. Dei kjenner snart igjen songane og reglene, dei veit kva som skal skje og du kan sjå forventinga lysa av dei når sjøen vert teken fram, ein stiller i ring for å ha regla Bom chikcka bom, ein finn fram dei små fargerike tørkla eller anna som dei kjenner att.

Alle kursdeltakarane har og fått med seg eit enkelt songhefte og ein cd med ein del av dei songane som vart nytta på kurset, så songen og musikken treng ikkje ta slutt med dette. Og ein skal ikkje sjå vekk frå at babyane ynskjer seg både tromme og maraccas til 1-årsdagen.