14 babyar har delteke på babysongkurs saman med mødrene sine denne våren, og avslutta babysongsemesteret 25. april med diplomutdeling etter songstunda.

 

Babysongkurset har bestått av åtte samlingar med ei god songstund og så felles nistemåltid og god tid til å prata og verta kjende med dei andre babyane og småbarnsmødrene etterpå. 

– Det er fantastisk kjekt å sjå korleis babyane glede seg over songen og musikken og korleis dei utvikle seg på dei vekene kurset varer, seier Siv Merethe Nordeide som har gått på kurset no i vår saman med sonen Chris Andre. Dette er andre gong Siv Merethe er med på babysongkurs, og i vår har eldstejenta Venita delteke på småbarnstreff samstundes som mamma og Chris Andre har fått ro til å kosa seg med dei andre babyane på loftet på bedehuset.
-Dette er kjempe kjekt for ungane, berre synd det no er pause heilt fram til september, seier den fornøgde tobarnsmora. 

Til hausten vert det nytt babysongkurs, med oppstart 5. september. Dei som vil sikra seg plass kan gjera det allereie no ved å senda melding med namn og alder på babyen og namn og telefonnummer til den vaksne til 975 28 001 / helgari@frisurf.no . Kurset består av åtte samlingar og kostar 150,-. Dei som deltek får då med seg heim eit enkelt songhefte, CD’en Bom chicka bom og servering av kaffi/te på samlingane. Alle med babyar mellom 2 veker og 11 månader er velkomne. Dei som har større ungar er velkomne på småbarnstreff. Der er det og songstund, nistemåltid og tid til leik og prat. Småbarnstreffet kostar ikkje noko og krev ikkje påmelding. Både babysongkurset og småbarnstreff held til på Fitjar bedehus og vert arrangert av Fitjar sokneråd.