Det var mykje trivsel og idrettsglede å sjå då Turngruppa og Idrettsskulen gjennomførste juleoppvisninga si i FKIB i ettermiddag.
Heilt ifrå aller dei minste som hadde ei god foreldrehand å halde i til spenstige 2. og 3. klassingar, var gleda til stades. Og stolte foreldre og besteforeldre koste seg i lag med dei. I det heile ei flott og stilfull oppvisning med frisk julemusikk som fortel oss at det ikkje er lenge til juleførebiungane startar for alvor. Elles let me bileta tale for seg.
Ingressbilete: Vesle Jens Brenne var ein av dei som koste seg på turnoppvsninga. Foto: Håkon c. Hartvedt
2. og 3. klasse prøver seg på hekkeløp. Foto: Håkon C. Hartvedt
Kjekt på turnoppvisning. Foto: Håkon C. Hartvedt
Trygt å ha ei hand å halde i. Foto: Håkon C. Hartvedt
2.-3.klasse med handball. Foto: Håkon C. Hartvedt
1. klasse. Foto: Håkon C. Hartvedt