Politiet. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Rett over kl. 17 skal det ha vore ei trafikkulykke ved Sandvikvågen.

110 SørVest melder på Twitter at ulykka har skjedd i nærleiken av Sandvikvågen ferjekai, og at mannskap frå Fitjar stasjon rykker ut.

Politiet Sør-Vest twitra nokre minutt seinare at ein bil har køyrt utanfor vegen og velta. Personen i bilen skal ha kome seg ut, og naudetatane er på veg.

Politiet melder i ei oppdatering rett før kl.18 at føraren av bilen, ei dame i slutta av tenåra er uskadd.

– Trafikken går greit forbi. Veldig glatt på staden, melder dei.