Ein 7 års gamal gut braut lårbeinet på eit anleggsområde på Vestbøstad i ettermiddag. 

Ikkje alltid er opplysnïngane som vert gjeve til politiet, og som me får i frå dei, heilt rette. Det er tilfellet med det som skjedde på Vestbøstad i ettermiddag.

Det som skjedde var følgjande: Den 7 års gamle guten hoppa i frå ein stein på anleggsområdet, fekk den eine foten ned i ei klove og fall forkjært slik at lårbeinet rauk tvert av. Det var eit komplisert brot, luftambulansen vart tilkalla og guten er no på Haukeland sjukehus.