Statens naturoppsyn har beslaglagt fleire garn i Hellandsfjorden. Politiet fekk klokka 21.40 i går kveld melding frå Statens naturoppsyn om at dei hadde teke beslag i fleire umerka garn i Hellandsfjorden i Fitjar. Garna var flytegarn som i tillegg var sett i fredningssone, opplyser operasjonsleiar Bjørn Alvseike i Sunnhordland og Haugaland politidistrikt.